tirsdag 23. juni 2009

Gamle ting og broderi

I samband med fotokafeane har me av og til stilt ut gamle ting som folk har fått studere. På to av fotografia nedanfor ser me mellom anna ein gammal varmeomn og ei multimusefelle.
Ein kveld var det broderi som var i fokus, og det vart vist fram ei mengde flotte eldre broderi.
Bunadar fekk sin eigen kveld med besøk av to damer frå Romsdalsmuset.
Dei kunne fortelje mykje om Vågstrandsbunaden og bunadsskjorta som vart med frå Bjørke til Hjelvika. Foto frå bunadskvelden fann eg ikkje.










Østerskveld med "sjampanje"


Eitt år arragerte sogelaget kulturkveld meg gratis østers og sjampis for alle som ville smake.
Svært mange ville smake, og somme smakte mange gonger.
Jorunn Cornelius leverte østers frå eigen produksjon.
Idag er østersproduksjonen nede i ein bølgjedal, men var i mange tiår ein viktig del av næringslivet i bygda vår.

Fotokafe



Her studerer nokre eldre damer med stor interesse kalender og bok.

Fleire år har me arrangert fotokafe i gymsalen på skulen.
I samband med lansering av kalender for neste år, har vi også presentert gamle foto. og folk har fått høve til å ta med eigne fotografi for å diskutere motiva med andre frammøtte.
Servering av tradisjonsmat og kaffi har gjort kvelden endå trivelegare.

Sogevandringar..




Sogelaget prøver kvart år å arrangere vandringar på stader det finns spor etter eldre aktivitet i bygda. Første gongen var me ved ferjekaia i Våge. Seinare har vi vore på Nedre Reistad med Gudmund Furu som forteljar og langs Reistadelva med Arvid Moe som forteljar. Vi har planer for Grandane på Straume, i Hjelvika og Bjering-garden.
Biletet er frå første sogevandringa i Våge, og det er Trygve Bjerke som fortel.