mandag 7. november 2022

Kalender 2023
Minne frå Vågstranda 2022

 

No er både kalenderen og sogeheftet i salg.
Vi håpar veldig mange vil støtte sogelaget med kjøp av begge delar.
Kalenderen kostar kr 150 og boka kr 300.
Dessverre måtte vi sette opp prisen på Minne frå Vågstranda i år også.
Prisen på papir har auka med over 100% , og i tillegg har profuksjonskostnadene stige.
Noko må gjerast om vi skal gje ut heftet fleire år.
Frå og med 2022 vil vi registrere alle som kjøper heftet som støttemedlemmar i sogelaget.
Då må dei som ønskjer slikt medlemskap melde frå til underteikna på tlfnr 99103165, sms eller ringje.

For seinare utgåver må vi nokså sikkert be om støtte frå lokale sponsorar.

Både kalender og hefte kan kjøpast på Vågstranda handelslag og hos underteikna.
Kontakt Ove Straume  tlf  930 33 820 for å få tilsendt.

Arvid Håkon Moe
Epost: arvidhm@online.no

fredag 21. oktober 2022

 Eldre utgåver av Minne frå Vågstranda.

Det kjem stadig spørsmål til sogelaget om gamle bilete som er lagte ut på Facebook.

No sist har Arve Hjelseth lagt ut eit bilete frå ca 1922 frå Reistaddalen.

Eg viser då til ein artikkel Gudmund Furu skreiv i Minne frå Vågstranda 2001.

Alle dei eldre utgåvene er til salgs hos sogelaget til ein god pris.

Ta kontakt med Arvid Håkon Moe (tlf 99103165) eller andre i styret.

onsdag 3. august 2022

 

Vågstranda sogelag

Sogevandring

Reistad

Onsdag 10. august

 

Gudmund Furu

tek oss med på ei vandring mellom husa

og fortel soga om Dalen.

 

Frammøte ved

Vågstranda handel

Kl 18.00

 

Vi ønskjer alle vel møtt.

                                                                                                                              Styret 

tirsdag 14. juni 2022

Styremøte 13. juni 2022 på skulen.

Sak 1 Gamle namn.
Laget må sette i gang arbeide med å plassere gamle lokale namn på kart.
Ole Bjerke har skrive ut kartgrunnlag for alle gardane i bygda. 
Desse karta blir fordelte saman med eit kort skriv med rettleiing.
Vi håpar ALLE vil gjere ein innsats for å ta vare på namn som er på veg inn i gløyselen.
Det hastar, og om vi gjer grundig arbeid, bergar vi ein viktig del av språkarven vår.
Vi tek direkte kontakt med dykk om ikkje lenge.

Sak 2 Sogevandring i Reistaddalen - Nedi Dala
Vi ber alle interesserte med på ei lokal vandring onsdag 10. august kl 18.00
Asle Furu fortel om busetjinga, utviklinga og aktiviteten "uti Dala".
Vi håpar mange blir med. Kort rute å gå.

Sak 3 Fotoinnsamling
Laget håpar framleis på at bygda skal få ei bygdebok. 
Ein del av arbeidet blir å skaffe ein god del biletstoff. Bilete av gardstun og heimar er rimeleg sikra gjennom flyfotografering frå først på 50-talet og framover.
Men vi må også ha hjelp frå bygda. Mange av dykk har fotografi i skuffer og skåp, i album og på veggar. Vi treng bilete av heimar, folk, hendingar, yrkesliv og fritid. Det er viktig å kjenne eigar, tidspunkt, motiv osv. Bileta blir avfotograferte eller skanna og lagra digitalt. Sogelaget må ha rett til å nytte dei i ei bygdebok. Vi tek kontakt.

Sak 4 Kontingent til Sogelaget - kr 100 pr familie.
Minner om at vi gjerne vil har mange medlemmar.
Betal til vår bankkonto og merk med kontingent og namn.

Bankktnr 3910 14 59229  eller Vipps nr  573 088

Hugs å oppgje namn.

onsdag 6. april 2022


Bli kjend med historia di !!


Regnveg!


 Akkurat det kalla vi det for 70-80 år sidan. Då meinte vi at det var eit varsel om snarleg regn. Kan nokon forklare kva det eigentleg er?

Vågstranda sogelag treng medlemmar ! 
Det kostar 100 kr, og då er heile familien med.
Håpar mange vil vere med. 
Vipps  573088
Bankkonto  3910 14 59229

mandag 4. april 2022

 Kort referat frå årsmøtet den 29. mars 2022.

Ca eit dusin personar møtte fram og fekk høyre Einar Gridset kåsere om korleis oldemora hadde det i oppveksten i Innfjorden. Ei interessant historie for oss alle. 
Etter kaffe og mat vart årsmelding og rekneskap godkjent.
Inntekter     33876 kr
Utgifter       13319 kr
I kasse og bank her det då samla seg vel 38425 kroner.
Solveig Bjering vart vald inn i styret. Sjå i venstrekolonna for heile styret.
Etter valet vart det samtale om kva som skal prioriterast framover:
Kalender vil kome før jul, og vi håpar på ny utgåve av Minne frå Vågstranda.
Arbeidet med å registrere lokale namn på kart vil også bli prioritert. 
Kanskje ei sogevandring langs delar av den gamle bygdevegen er aktuell.
Vi vil også prøve å få til eit møte her med Interkommunalt Arkiv (IKA) i Ålesund.
Då vil lag og foreningar i bygda bli innbedne,
Tema blir arkivering av gamle protokollar.






På tur til Reistadsetra


Eigar: Ingjerd (Kjølset) Smisetfoss

Klikk på biletet for å forstørre. 

 

søndag 13. mars 2022

Vetestova på Vetehaugen på Lundsfjellet.

Teikning frå 1866

 Sogelaget har søkt Vestnes kommune og Statsforvaltaren i Molde om løyve 
til å setje opp ein nøyaktig kopi av den gamle vetestova på Lundsfjellet.
Vi har no fått endeleg svar frå Statsforvaltaren.
Det vart avslag!!

Vedtak: Statsforvaltaren avslår Vågstranda sogelag sin søknad om løyve til oppføring av ei vetestove i Lundsfjellet naturreservat. Vedtaket er heimla i forskrift om vern av Lundsfjellet som naturreservat kap. IV punkt 1 og 3, og naturmangfaldlova § 48

Vi meiner framleis dette prosjektet er av stor allmenn-historisk og kulturell interesse, og vi er svært skuffa over at Statsforvaltaren vel å vurdere berre i høve til forskrift om vern av Lundsfjellet og naturmangfaldlova. 
Styret i sogelaget har sett nøye på avslaget og konkludert med at prosjektet må leggast bort.
Det kjennest vondt å sjå at eit godt sogelagsprosjekt blir verna bort på denne måten.
Styret vedtok å sende ein merknad til Statsforvaltaren, men ikkje nytte retten til å klage på vedtaket.
Vi ønskjer alle god tur over Lundsfjellet, og gå gjerne om Helgestøa.
Kanskje kan stien mellom Vetehaugen og Helgestøa fornyast snart.