tirsdag 1. april 2025

Fotokafe i gymsalen på skulen.
torsdag 18.september kl 19.00

Vi får besøk av Kenneth Staurset Fåne frå Romsdalsmuseet.
Han vil snakke om museet si fotosamling og korleis vi kan bruke den. Ta gjerne med gamle fotografi du har.
Kanskje kan vi hjelpe kvarandre å finne namn på folk, hendingar og stader.
Enkel servering til praten.

Vel møtt !


Sogevandring i Hjelvika
Søndag 1. juni kl 16.00

Frammøte ved brua ved fiskeanlegget.
Turen endar omlag der det gamle fellestunet låg.
Innhaldet blir om busetnad før og no.
Det blir høve til spørsmål og utfyllande kommentarar.
Utekaffe om veret tillet det.
Vel møtt !


tirsdag 4. mars 2025

 Nye og gamle medlemmar

Ved utgangen av 2024 hadde sogelaget 62 medlemmar.

Medlemslista blir oppdatert kvar månad, og vi ønskjer både gamle og nye medlemmar
velkomne. Medlemskapen kostar 100 kr pr familie, og vi håpar heile bygda vil støtte oss med sin 100-lapp kvart år. Det betyr så mykje for laget.
Hugs i alle fall å skriv melding på eventuell vippsing. Namn og gjerne tlfnr.

tirsdag 25. februar 2025

 Årsmøtet 25.02.2025

13 medlemmer møtte til årsmøte.
Årsmelding og rekneskap vart einstemmig godkjende.
Ove Straume trekte seg frå styreverv, og Katrine Straume vart valt inn som ny styremedlem.
Vi takkar Ove for mangeårig innsats, og ønskjer Katrine velkomen i styret.
Elles gjekk årsmøtet inn for å arrangere sogevandring i Hjelvika før sommarferien.
Fotokafe i gymsalen i slutten av august. Vi prøve å få hit Kenneth Fåne Staurset til fotokafeen.


Følg med på bloggen vår :  sogelaget.blogspot.com  

lørdag 18. januar 2025

 Årsmøtet 2025
tirsdag 25. februar kl 19.00 i møterommet på skulen. 

Sakliste:

        Årsmelding for 2024
        Rekneskap for 2024
        Val på styrefor 2025
        Arrangement våren 2025
        
   Mat og prat

Vel møtt !!


            

Hjelvik skule på 30-talet.
Lærar Øyvind Eik