tirsdag 4. mars 2025

 Nye og gamle medlemmar

Ved utgangen av 2024 hadde sogelaget 62 medlemmar.

Medlemslista blir oppdatert kvar månad, og vi ønskjer både gamle og nye medlemmar
velkomne. Medlemskapen kostar 100 kr pr familie, og vi håpar heile bygda vil støtte oss med sin 100-lapp kvart år. Det betyr så mykje for laget.
Hugs i alle fall å skriv melding på eventuell vippsing. Namn og gjerne tlfnr.

tirsdag 25. februar 2025

 Årsmøtet 25.02.2025

13 medlemmer møtte til årsmøte.
Årsmelding og rekneskap vart einstemmig godkjende.
Ove Straume trekte seg frå styreverv, og Katrine Straume vart valt inn som ny styremedlem.
Vi takkar Ove for mangeårig innsats, og ønskjer Katrine velkomen i styret.
Elles gjekk årsmøtet inn for å arrangere sogevandring i Hjelvika før sommarferien.
Fotokafe i gymsalen i slutten av august. Vi prøve å få hit Kenneth Fåne Staurset til fotokafeen.


Følg med på bloggen vår :  sogelaget.blogspot.com  

lørdag 18. januar 2025

 Årsmøtet 2025
tirsdag 25. februar kl 19.00 i møterommet på skulen. 

Sakliste:

        Årsmelding for 2024
        Rekneskap for 2024
        Val på styrefor 2025
        Arrangement våren 2025
        
   Mat og prat

Vel møtt !!


            

Hjelvik skule på 30-talet.
Lærar Øyvind Eik





onsdag 5. juni 2024

 Østerskvelden 23. mai.  

Nesten 60 personar fekk oppleve Kåre Johan Straume sit fordrag om østersproduksjon i lokalt og historisk perspektiv.
Mange nye opplysningar om drifta vart presenterte.
Praten gjekk livleg rundt kaffiborda etterpå, og folk var tydeleg engasjerte. Det vart også vist gamle bilete frå drifta i Vågen.
Med god hjelp med sang og musikk av Britt Landmark, Roe Setnes
og Bjørn Aarset song vi med på Østerssang av Aron og Bjarne Eidsvik.

Her følgjer nokre glimt frå forsamlinga:













Styret takkar alle som møtte opp og  gjorde kvelden vellykka !
Slike sogelagskveldar må vi ha fleire av.

mandag 13. mai 2024

 Østerskveld  på Vågstranda

Torsdag 23. mai kl 19.00 
på Vågstranda skule.

Historia om østersen frå først til no
v/ Kåre Johan Straume

Enkel servering og prat rundt borda.

Fotografi frå drifta i Vågen

Spørsmål frå frammøtte.

                                        Styret


søndag 17. mars 2024

 Kurs i slektsgransking

Sogelaget vil halde korte innføringskurs i slektsgransking denne våren.
3 kveldar a 2 timar.

Innhald:
- grunnleggande teori og system (berre litt)
- digitale kjelder
- praktiske øvingar

Du treng pc med internett, penn og papir.

Grupper på 3-4 personar.

Vi nyttar rom på skulen.

Pris: 100 kr pr person.

Påmelding til Arvid Håkon Moe

Utsett til hausten !
 

tirsdag 12. mars 2024

 Bli medlem i sogelaget.

Sogelaget må få orden på medlemslista !

Årleg kostnad kr 100 pr familie.

Vipps 573088 eller banknr 3910 14 59229
Merk med namn, epost og telefon.
  


Frå Øvre Reistad (Ola-garden, Knut-garden og Tostein-garden.