torsdag 17. mars 2016

Bli medlem!

Medlemskapet kostar 100 kr pr år.

Betal inn til Sogelaget,

Banknr 3910 14 59229.

Du kan også bruke Vipps 573 088

Hugs å merke innbetalinga med namn og medlemskap

og epostadresse !

tirsdag 1. mars 2016

Eldre utgåver av Minne frå Vågstranda

Eldre utgåver av heftet til sals på butikken og hos styret. 50,- (halv pris)

Siste utgåva kostar kr 200,-.

Ta gjerne kontakt med Arvid Håkon Moe for kjøp. Eg har alle utgåvene heime.

mandag 30. januar 2012

Støtte frå grasrota

Endeleg kan du vere med å støtte sogelaget sitt arbeid utan at det kostar deg noko som helst.
Kvar gong du tippar kan du la sogelaget få 7% av innsatsen din.
Støtten er heilt anonym, og det einaste du treng gjere er å be om at sogelaget sitt organisasjonsnummer blir registrert på kortet ditt ein gong du spelar i Norsk tipping. Sogelaget sitt org.nr. er:

Org.nr. 997 886 542


Vi takkar alle for hjelpa!

tirsdag 23. juni 2009

Gamle ting og broderi

I samband med fotokafeane har me av og til stilt ut gamle ting som folk har fått studere. På to av fotografia nedanfor ser me mellom anna ein gammal varmeomn og ei multimusefelle.
Ein kveld var det broderi som var i fokus, og det vart vist fram ei mengde flotte eldre broderi.
Bunadar fekk sin eigen kveld med besøk av to damer frå Romsdalsmuset.
Dei kunne fortelje mykje om Vågstrandsbunaden og bunadsskjorta som vart med frå Bjørke til Hjelvika. Foto frå bunadskvelden fann eg ikkje.










Østerskveld med "sjampanje"


Eitt år arragerte sogelaget kulturkveld meg gratis østers og sjampis for alle som ville smake.
Svært mange ville smake, og somme smakte mange gonger.
Jorunn Cornelius leverte østers frå eigen produksjon.
Idag er østersproduksjonen nede i ein bølgjedal, men var i mange tiår ein viktig del av næringslivet i bygda vår.

Fotokafe



Her studerer nokre eldre damer med stor interesse kalender og bok.

Fleire år har me arrangert fotokafe i gymsalen på skulen.
I samband med lansering av kalender for neste år, har vi også presentert gamle foto. og folk har fått høve til å ta med eigne fotografi for å diskutere motiva med andre frammøtte.
Servering av tradisjonsmat og kaffi har gjort kvelden endå trivelegare.