Torsdag 30. oktober kl 19.00 på skulen
Vi presenterer kalender for 2026
og
Østersboka
Det blir ei enkel servering.
Vi ønskjer vel møtt !
- ein presentasjon av Vågstranda sogelag, mål og arbeid
epost: arvidhm@online.no
Fotokafe i gymsalen på skulen.
torsdag 18.september kl 19.00
Vi får besøk av Kenneth Staurset Fåne frå Romsdalsmuseet.
Han vil snakke om museet si fotosamling og korleis vi kan bruke den. Ta gjerne med gamle fotografi du har.
Kanskje kan vi hjelpe kvarandre å finne namn på folk, hendingar og stader.
Enkel servering til praten.
Vel møtt !
Nye og gamle medlemmar
Ved utgangen av 2024 hadde sogelaget 62 medlemmar.
Medlemslista blir oppdatert kvar månad, og vi ønskjer både gamle og nye medlemmar
velkomne. Medlemskapen kostar 100 kr pr familie, og vi håpar heile bygda vil støtte oss med sin 100-lapp kvart år. Det betyr så mykje for laget.
Hugs i alle fall å skriv melding på eventuell vippsing. Namn og gjerne tlfnr.
Årsmøtet 25.02.2025
13 medlemmer møtte til årsmøte.
Årsmelding og rekneskap vart einstemmig godkjende.
Ove Straume trekte seg frå styreverv, og Katrine Straume vart valt inn som ny styremedlem.
Vi takkar Ove for mangeårig innsats, og ønskjer Katrine velkomen i styret.
Elles gjekk årsmøtet inn for å arrangere sogevandring i Hjelvika før sommarferien.
Fotokafe i gymsalen i slutten av august. Vi prøve å få hit Kenneth Fåne Staurset til fotokafeen.
Følg med på bloggen vår : sogelaget.blogspot.com