Sak 1 Årsmøtet 2023
Tidspunkt: Onsdag 1. mars
kl 20.00 på skulen.
Vanlege årsmøtesaker.
Leiar prøver å finne eit
kultur/historieinnslag frå Vestnes.
Kunngjering på vågstrandssida
og blogg.
Sak 2 Kalender og bok
Lite sal av både kalender og bok.
Laget kan ikkje halde fram å gje ut boka.
Produksjonsprisen er for høg i høve til sal.
Dessutan er det for få som vil skrive.
Det blir ikkje ny utgåve av boka i 2023.
Sogelaget har stort lager av dei fleste utgåvene.
Restlager blir seld for 50 kr pr bok.
Ny kalender for 2024 til hausten. Eldre
kalendrar gjev vi bort.
Sak 3 Namneprosjektet
Vi vil prioritere fullføring av namneprosjektet dette året.
Sak 4 Arrangement
Prøver å få til eit arrangement inne i vår. Tema ikkje bestemt.
Sogevandring langs Reistad-elva til sommaren.
Sak 5 Kurs
med følgjande tema:
a) Slektsgransking
b) Lokalhistorie på nett
Begge kursa blir kunngjort på Vågstrandasida.