onsdag 1. februar 2023

Minne frå Vågstranda

 Styret i sogelaget hadde møte 19. januar og vedtok å ikkje gje ut fleire Minne frå Vågstranda
Laget har ikkje økonomisk berekraft til å gje ut heftet fleire gonger.
Heftet er dugnadsarbeid fram til EKH-trykk overtek utforming og trykking. 
Stor takk til alle som har skrive.
Siste heftet kosta oss 54.000 kr, eller 300 kr pr stk. Når vi så ikkje sel mykje over halvparten, blir underskotet for stort. 
Vi har dessverre ikkje lukkast med dette tiltaket, men vi får vere nøgd med dei utgåvene vi har fått til.

Laget vil halde fram med kalenderen.
Vi vil også prøve prioritere enkeltvise arrangement med aktuelle tema og sogevandringar.
Kunngjeringar her på bloggen og på Facebook, Vågstrands-sida.

Årsmøtet blir onsdag 1. mars kl 20 på skulen.

Vanlege årsmøtesaker, framtidsplaner og enkel servering.
Synnøv - ikkje eit namn for historiebøkene.  v/ Kåre Lervik
Håpar mange vil møte.

Kunngjering med oppslag og på Facebook.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar