torsdag 2. februar 2023

Styreprotokoll frå 19.1.23.

 Sak 1     Årsmøtet 2023
               Tidspunkt: Onsdag 1. mars kl 20.00 på skulen.
               Vanlege årsmøtesaker.
               Leiar prøver å finne eit kultur/historieinnslag frå Vestnes. 
               Kunngjering på vågstrandssida og blogg.

Sak 2     Kalender og bok
Lite sal av både kalender og bok.
Laget kan ikkje halde fram å gje ut boka. Produksjonsprisen er for høg i høve til sal.
Dessutan er det for få som vil skrive.
Det blir ikkje ny utgåve av boka i 2023. Sogelaget har stort lager av dei fleste utgåvene.
Restlager blir seld for 50 kr pr bok.
Ny kalender for 2024 til hausten. Eldre kalendrar gjev vi bort.

Sak 3    Namneprosjektet
Vi vil prioritere fullføring av namneprosjektet dette året. 

Sak 4    Arrangement
Prøver å få til eit arrangement inne i vår. Tema ikkje bestemt.
Sogevandring langs Reistad-elva til sommaren.

Sak  5   Kurs med følgjande tema:
a) Slektsgransking
b) Lokalhistorie på nett
Begge kursa blir kunngjort på Vågstrandasida.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar