søndag 28. juni 2026

Setervandring til Skålsetra.



 Laurdag 27. juni arrangerte  sogelaget vandring til Skålsetra. Ca 30 vart med på turen.

Torgun Paulonen tok mange fine blite på turen. Her er linken til bileta:

https://www.facebook.com/groups/1710287745905738/permalink/4577096779224806

Kopier og lim inn på adrdesselinja.

Elles finn du alle på  Gamle bilde frå Vågstranda og Hjelvik

 




fredag 10. april 2026

 

Vågstranda sogelag

mars 2026

Årsmøtet og styret

Årsmøtet vart gjennomført torsdag 5. mars. Årsmelding og rekneskap vart godkjende.

Utlagt på bloggen vår. Sjå denne. sogelaget.blogspot.com

Ole Bjerke gjekk ut av styret. Stor takk til han for lang innsats for laget.
Ny i styret var Bård Olav Hjelvik. Vi ønskjer han velkomen.

 

Medlemskap og kontingent

Laget har ca 70 medlemmar (2025) Årsmøtet auka kontingenten til 150 kr for familiemedlemskap.

 

Salg

Sogelagsheftet «Minne frå Vågstranda» kr 50,- pr stk  frå 2001 – 2022. (2008, 2010 og 2021 kom ikkje ut). «Østersboka» kr 350,- (hos styret og lokalbutikken) + frakt ved sending.

Medlemskap og bøker kan tingast hos styret og betalast alternativt

1.    Vippskiosk  969639 (sms-melding til 99103165)

2.    Banknr. 3910.14.59229 (med melding)

3.    Kontant

 

Lagertømming av eldre kalendrar med lokale bilete. GRATIS

 

Bloggen vår på nett

 sogelaget.blogspot.com

Sjå også Facebook-gruppene Vågstranda,  Gamle foto frå Vågstranda og Hjelvik og Vågstranda sogelag (links/lenkjer)

 

Kontakt sogelaget på telefon eller SMS tlf 99103165 eller epost arvidhm@online.no

 

                                                                                                                      styret

tirsdag 24. februar 2026

Årsmøte 5. mars 2026.

 Årsmøtet i møterommet på skulen 5.mars kl 19.00

Saker:
Årsmelding
Rekneskap
Valg 
Vidare oppgåver.
Litt å bite ti.

Vi håpar mange vil møte opp.

Styret


lørdag 1. november 2025


Tid for helsingar til jul ?
Kalender 2026 og Østersboka

Øvre Reistad

Kalender 2026 og "Østersboka" er lagt ut for sal på butikken og hos styremedlemmane. Sjå i venstre marg. Kalenderen for 2026 kostar 170 kr. +70 om den må sendast. Østersboka kostar 350 kr + 100 om den må sendast. Både kalender og bøker kan tingast på tlf 99103165, sms eller med epost, arvidhm@online.no Betaling med Vipps 969639 eller til banknr 3910.14.59229 Vågstranda sogelag.


onsdag 22. oktober 2025



Torsdag 30. oktober kl 19.00 på skulen

Vi presenterer kalender for 2026

og 

Østersboka 

Det blir ei enkel servering.

Vi ønskjer vel møtt !


torsdag 16. oktober 2025




No er både sogelagskalenderen og boka om østersproduksjonen  ferdig og henta. Begge er i salg frå og med tirsdag 21. oktober.
Prisen blir bestemt i styremøte på måndag. 
Vi håpar på godt salg. Annonsering lokalt og på nett.
Nettbutikk, lokalt og tinging. Hjelp oss å gjere det kjent.
Del med venner.
Betaling med vipps, bank eller kontant.
Tillegg for porto og pakking.

Kan kjøpast på Vipps 969639 Bruk gjerne Vipps-butikken vår.

Prisen vart slik:
Kalender 2026- 170 kr + 70 kr for postsending
Boka om østersprod - 350 kr + 100 kr for postsending

Arvid Håkon Moe  99103165  (tlf /melding)

epost: arvidhm@online.no 




 

tirsdag 1. april 2025

Fotokafe i gymsalen på skulen.
torsdag 18.september kl 19.00

Vi får besøk av Kenneth Staurset Fåne frå Romsdalsmuseet.
Han vil snakke om museet si fotosamling og korleis vi kan bruke den. Ta gjerne med gamle fotografi du har.
Kanskje kan vi hjelpe kvarandre å finne namn på folk, hendingar og stader.
Enkel servering til praten.

Vel møtt !


Sogevandring i Hjelvika
Søndag 1. juni kl 16.00

Frammøte ved brua ved fiskeanlegget.
Turen endar omlag der det gamle fellestunet låg.
Innhaldet blir om busetnad før og no.
Det blir høve til spørsmål og utfyllande kommentarar.
Utekaffe om veret tillet det.
Vel møtt !


tirsdag 4. mars 2025

 Nye og gamle medlemmar

Ved utgangen av 2024 hadde sogelaget 62 medlemmar.

Medlemslista blir oppdatert kvar månad, og vi ønskjer både gamle og nye medlemmar
velkomne. Medlemskapen kostar 100 kr pr familie, og vi håpar heile bygda vil støtte oss med sin 100-lapp kvart år. Det betyr så mykje for laget.
Hugs i alle fall å skriv melding på eventuell vippsing. Namn og gjerne tlfnr.

tirsdag 25. februar 2025

 Årsmøtet 25.02.2025

13 medlemmer møtte til årsmøte.
Årsmelding og rekneskap vart einstemmig godkjende.
Ove Straume trekte seg frå styreverv, og Katrine Straume vart valt inn som ny styremedlem.
Vi takkar Ove for mangeårig innsats, og ønskjer Katrine velkomen i styret.
Elles gjekk årsmøtet inn for å arrangere sogevandring i Hjelvika før sommarferien.
Fotokafe i gymsalen i slutten av august. Vi prøve å få hit Kenneth Fåne Staurset til fotokafeen.


Følg med på bloggen vår :  sogelaget.blogspot.com  

lørdag 18. januar 2025

 Årsmøtet 2025
tirsdag 25. februar kl 19.00 i møterommet på skulen. 

Sakliste:

        Årsmelding for 2024
        Rekneskap for 2024
        Val på styrefor 2025
        Arrangement våren 2025
        
   Mat og prat

Vel møtt !!


            

Hjelvik skule på 30-talet.
Lærar Øyvind Eik





onsdag 5. juni 2024

 Østerskvelden 23. mai.  

Nesten 60 personar fekk oppleve Kåre Johan Straume sit fordrag om østersproduksjon i lokalt og historisk perspektiv.
Mange nye opplysningar om drifta vart presenterte.
Praten gjekk livleg rundt kaffiborda etterpå, og folk var tydeleg engasjerte. Det vart også vist gamle bilete frå drifta i Vågen.
Med god hjelp med sang og musikk av Britt Landmark, Roe Setnes
og Bjørn Aarset song vi med på Østerssang av Aron og Bjarne Eidsvik.

Her følgjer nokre glimt frå forsamlinga:













Styret takkar alle som møtte opp og  gjorde kvelden vellykka !
Slike sogelagskveldar må vi ha fleire av.

mandag 13. mai 2024

 Østerskveld  på Vågstranda

Torsdag 23. mai kl 19.00 
på Vågstranda skule.

Historia om østersen frå først til no
v/ Kåre Johan Straume

Enkel servering og prat rundt borda.

Fotografi frå drifta i Vågen

Spørsmål frå frammøtte.

                                        Styret


søndag 17. mars 2024

 Kurs i slektsgransking

Sogelaget vil halde korte innføringskurs i slektsgransking denne våren.
3 kveldar a 2 timar.

Innhald:
- grunnleggande teori og system (berre litt)
- digitale kjelder
- praktiske øvingar

Du treng pc med internett, penn og papir.

Grupper på 3-4 personar.

Vi nyttar rom på skulen.

Pris: 100 kr pr person.

Påmelding til Arvid Håkon Moe

Utsett til hausten !
 

tirsdag 12. mars 2024

 Bli medlem i sogelaget.

Sogelaget må få orden på medlemslista !

Årleg kostnad kr 100 pr familie.

Vipps 573088 eller banknr 3910 14 59229
Merk med namn, epost og telefon.
  


Frå Øvre Reistad (Ola-garden, Knut-garden og Tostein-garden.
 


søndag 10. mars 2024

 

ÅRSMØTE VÅGSTRANDA SOGELAG 29.02.2024

Tilstede: Arvid H. Moe, Birgit Moe, Ole Bjerke, Sverre A. Pedersen, Ove Straume, Willy Thoresen, Synøve Thoresen, Tina Kristin Dyrhaug, Solveig Bjering, John Olav Kormeset, Olav Nyhagen, Inghild Aukan, Alf Vikås og Bjørn Aarset.

Innkalling ble godkjent.

Arvid gikk igjennom årsmeldinga fra 2023. Den ble godkjent. Sjå nedanfor.

 Ove gikk igjennom regnskapet.

  - Kassabeholdning pr.15.02.24   kr 594,-

  - Bankbeholdning pr. 15.02.24   kr  33053,-

1. Valg.

Disse er på valg: Arvid, Ole og Solveig.

Alle tok gjenvalg.

2.    Ove lager oppdatert medlemsliste.

3.    Ideer/ Aktiviteter 2024

-             Sogevandring.

-             Fortsette arbeidet med navneprosjektet.  Kartlegge å få rett navn på    bekker/grøver/steder/grenser i bygda.

-             Ta opp tråden til arbeidet rundt Fellestunet i Hjelvika.

-             Teksting av bilder fra Romsdalsmuseet  om Østersproduksjonen.

-             Østerskvelden 25.04.24.

-             Kurs i slektsgransking.

       4.    Arvid orienterer om Digital Arkivet og viser hvordan en bruker det.

 

Tina Kristin Dyrhaug

 Referent


Vågstranda sogelag

Årsmelding for 2023.

Sidan årsmøte den 1. mars 2023 har styret vore slik:

Leiar               Arvid Håkon Moe                   2023    på val
Skrivar            Tina Kristin Dyrhaug               2023
Kasserar          Ove Straume                           2023
                        Ole Bjerke                              2022    på val
                        Sverre A. Pedersen                 2023
Vara                Solveig Bjering                       2022    på val
Vara                 Willy Thoresen                        2023                Valkomite
Vara                Jon Olav Kormeseth               2023                Valkomite
Revisorar         Anne Britt Kormeseth og Asle Furu
NB Styret har gjennom året vore ein meir enn vedtektene fastsett.

Det har vore  …. styremøte siste året.
Saker som har vore omhandla er:
- sogevandring
- østersproduksjon
- namneprosjektet
- Minne frå Vågstranda
- laust prat og minne frå før i tida

Den 11. juni arrangerte laget sogevandring langs Reistadelva frå øvste brua til fylkesvegen.
Det møtte 22 personar. Fint ver og mykje  elvasus.

Laget har teke mot gamle protokollar frå ungdomslaget og mange nedlagde misjonsforeiningar og bedehuset.
Alle vart overlevert til Romsdalsmuseet 7.november 2023. Der blir dei trygt lagra og tilgjengeleg for alle som vil lese i dei. Må bestillast og lesast på lesesalen der.

Samme dag vart sogelagskalenderen for 2024 henta på EKH-trykk og lagt ut til sals på Nærbutikken vå.

Antal medlemar i laget er ikkje registrert

 

Arvid Håkon Moe

leiar

 


lørdag 10. februar 2024

 Årsmøte 2024

Tid: 29. februar kl 19

Stad: På skulen

Vanlege årsmøtesaker.

Enkel bevertning

Prat om ymse tema frå "før-i-tida"

Vel møtt.

søndag 11. juni 2023

Sogevandring - rundt nedste delen av Reistadelva



 

Foto: Asle Furu

Søndag 11. juni kl 14 møttest vel 20 personar på Hauå. På turen nedover langs elva fekk vi høyre om Svortedalen, Hopedalen, Klengerbrauta og Klengrå. Lenger nede passerte vi Nagelgjerdet og Mathau'n. Vi fekk også sjå restane etter kraftverka på Øvre Reistad og Nedre Reistad.
Vegar og bruer vart og omtala, og sandsiloen i Nagelgjerdet. Mellom elva og vegen ovafor gamlebrua ved Bruteigen låg meieri-husa som var i drift fram til 1912.


Bruteigen ca 1908. Foto: L.O.Legernes


Foto: Privat


søndag 4. juni 2023

Sogevandring langs Reistadelva

Soga blir til mens vi går. Søndag 11. juni kl 14.00

Frammøte på P-plassen på Hauå.

Vi ruslar sakte unnabakke medan Arvid Håkon Moe fortel om vegen og bruene, kraftverk, meieri, kverner, butikk og sagbruk.
Slutt seinast kl 16.00

Vel møtt 

Vågstranda sogelag.

torsdag 2. februar 2023

Styreprotokoll frå 19.1.23.

 Sak 1     Årsmøtet 2023
               Tidspunkt: Onsdag 1. mars kl 20.00 på skulen.
               Vanlege årsmøtesaker.
               Leiar prøver å finne eit kultur/historieinnslag frå Vestnes. 
               Kunngjering på vågstrandssida og blogg.

Sak 2     Kalender og bok
Lite sal av både kalender og bok.
Laget kan ikkje halde fram å gje ut boka. Produksjonsprisen er for høg i høve til sal.
Dessutan er det for få som vil skrive.
Det blir ikkje ny utgåve av boka i 2023. Sogelaget har stort lager av dei fleste utgåvene.
Restlager blir seld for 50 kr pr bok.
Ny kalender for 2024 til hausten. Eldre kalendrar gjev vi bort.

Sak 3    Namneprosjektet
Vi vil prioritere fullføring av namneprosjektet dette året. 

Sak 4    Arrangement
Prøver å få til eit arrangement inne i vår. Tema ikkje bestemt.
Sogevandring langs Reistad-elva til sommaren.

Sak  5   Kurs med følgjande tema:
a) Slektsgransking
b) Lokalhistorie på nett
Begge kursa blir kunngjort på Vågstrandasida.